Fv 720 Hjellestranda i Oppstryn har vore stengt med bom i fleire veker.

Fjordingen fekk tips om at vegen har vore stengt ein periode utan at det har blitt skilta om dette.

Lokalavisa spurde prosjektleiar for vedlikehald og drift i Statens vegvesen, Lars Erik Karlsen, om status på vegstenginga.

Stein i vegbana

– Vegen vart stengt grunna steinnedfall i vegbana. Det kom også stein etter at vi stengde vegen, seier Karlsen. Ein geolog var på synfaring måndag og tok ei vurdering i området, mellom anna ved hjelp av drone.

– Det vart etter kvart fjerna ein del stein, og vegen er no opna att, informerte Karlsen måndag ettermiddag.

Det var ikkje sett opp skilt om at vegen var stengt. Foto: Thomas Thaule