Stryn og Hornindal har intensjonsavtale om samanslåing samt kommunestyrevedtak om å forhandle med Volda og Ørsta. Volda og Ørsta har intensjonsavtale om å slå seg saman, men berre Volda har vedteke å forhandle også med Hornindal og Stryn.

Sonderingsmøtet på Grodås måndag konkluderte med at det er godt grunnlag for Stryn, Hornindal og Volda til å starte reelle forhandlingar om ei intensjonsavtale. Første møte er avtalt komande veke, dagen etter at Ørsta har formannskapsmøte.– Det betyr at eg må gå tilbake til mitt formannskap og spørje om vi skal vere med vidare eller køyre det løpet som er bestemt berre med Volda, seier Ørsta-ordførar Stein Aam.– Anten kjem forhandlingsutvalet frå Ørsta til neste møte, eller ingen, legg han til.

Formålet med møtet måndag var å avklare grunnlaget for å starte forhandlingar.

– Vi har ikkje møtt på problem som ikkje er løysbare, konkluderer Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel, med samtykkande nikk frå Sven Flo og Jørgen Amdam.– Eg har sett intensjonsavtalen mellom Stryn og Hornindal. Det bør kkje vere dei store problema å utvide med Volda, seier ordførar Jørgen Amdam.Stig Olav Lødemel, Sven Flo og Jørgen Amdam er klare på kvifor dei meiner det er rett å gå i forhandlingar.

– Potent kommune

– Vi kan gjere kvarandre sterke, utfylle kvarandre og lage ein kommune som kan stå seg 30 år i framtid. Om vi ser kva Stryn, Hornindal og Volda har å by på kvar for seg og slår oss saman, skal ein leite lenge etter ein kommune med så mange tilbod. Frå min ståstad klarer vi ikkje lage ein så kraftfull kommune ved å gå i ein annan retning, seier Lødemel.Om Aam er meir i tvil om Ørsta vert med i ein slik storkommune, er alle fire ordførarane samde i at kommunestruktur og kan vere viktig i forhold til regionreforma. Ingen av dei fire ønskjer ein framtidig regiongrense midt i Kvivstunnelen.

– Slår vi oss saman, vert det ingen regiongrense tvers gjennom den nye kommunen, poengterer Lødemel.Sven Flo er oppteken av at ein eventuell storkommune vil bli kraftfull. Samtidig vil han ta vare på kvalitetane dei ulike kommunane har i dag.– Vi må sjå på dei mange fortrinn vi har i dag innan gründerskap, høgskule og sjukehus og ikkje minst den menneskelege kompetansen. Greier vi å komplettere kvarandre vert vi ein potent kommune for framtida, seier Flo.– Volda har hatt eit betydeleg offentleg entreprenørskap, gjennom sjukehuset og høgskulen med oppunder 3.000 heiltids studentar. Stryn og Hornindal er sterke på privat næringsliv. Dermed kan vi utvikle kvarandre. Det er og viktig å byggje makt lokalt, for å vere motvekt til dei større bysentra og for å kunne påverke nasjonal politikk, seier Amdam.Sonderingsmøtet handla ikkje om detaljar, bortsett frå eitt tema. – Stryn vgs skal vere med i ein eventuell storkommune. Det er heilt avgjerande, seier Sven Flo.– Her kan vi ha mykje godt samarbeid framfor oss mellom dei vidaregande skulane og høgskulen, svarer ein samtykkande Jørgen Amdam.