Nærare 30.000 nordmenn trør seg til betre form og reinare luft ette at Sykle til jobben-aksjonen starta sist veke.– Vi ser at fleire og fleire syklar som ein del av den daglege rutinen, enten det er fram og tilbake til jobb eller til butikken. Å bruke sykkel på fleire av dei korte reisene utgjer ein stor forskjell for helsa di og miljøet, fortel Emily Robertson, prosjektleiar for Sykle til jobben-aksjonen. Ho seier at dei gjennom 43 år har sett at aksjonen fungerer for å få folk til å bruke sykkelen meir og komme i betre form.– Dersom alle i Norge som har under fem kilometer til jobb, hadde køyrt eigen bil til jobb kvar dag, ville dette gitt klimagassutslepp som er nesten like stort som det 80.000 personbilar slepp ut i eit heilt år. Så det monnar jo å få fleire til å sykle, seier Robertson.Aksjonen er også ein uformell konkurranse der ein konkurrerer mot seg sjølv, kollegaer og venner med ei god klype humor, sjølvironi og godt humør.Aksjonen i regi Norges Bedriftsidrettsforbund varer i 60 dagar. (©NPK)