Politiet i Stryn ønskjer tips etter tjuveriet av ein el-sykkel frå Sport-1 i Stryn laurdag kl. 10.30.
- Vi har fått bilde som viser ein mann sykle av garde på den stolne sykkelen. Mannen har blå jakke på seg, truleg av merket Bergans, seier politibetjent Vidar Stavik. Politiet er overbevist om at nokon veit noko om tjuveriet, og ber difor om hjelp frå publikum for å få løyst saka.