Fredag kveld gjekk den eine av to forestillingar av "Sommarmoro med Gaman" av stabelen i teltet ved Stryn stadion. Det vart sommarmoro av solid kvalitet. Gaman-gjengen har vist at dei har evne til å fornye seg, og sjølv den gamle gubben til Inge Matias Tvinnereim fenga publikum med nye og tidsaktuelle poeng. Gjester i år var Fredrik Steen og Elling Sølvberg. Elling Sølvberg presenterte kjenningar frå hoppbakken og sauesankinga, og trefte tydeleg publikum heime. Ulsteinvikaren Fredrik Steen hadde lagt att Hildegunn Moltubakk-karakteren heime, men hadde likevel fullstendig taket på folket i benkeradene frå første monolog. Og at somme blant publikum "miste tråden" i eitt og anna songnummer, skuldast ikkje at nummera ikkje var gode. Det handla nok meir om at humoristisk jazz krev noko meir fokus av tilskodaren.

Les meir i papiravisa