Gjennom meir enn 30 år stelte Olav og Margit Frøholm den vakre «Trekanten» i Utvik sentrum.  Dette kom i tillegg til arbeidet i eigen prakthage og eit bustadhus pryda med blomster.

Bildet er frå eit møte med 84 år gamle Margit ein sommardag i 1998. Ho var då i full gang med hagesaksa i «Trekanten» - grøntanlegget til Statens vegvesen.  Margit  såg med undring på meg då eg spurde kva ho fekk i betaling for å halde det så pent  på eit offentleg areal.

- Pengar har aldri vore noko tema. Dette gjer eg av rein glede, svara Margit.

Medan vi stod der og prata, stoppa ein minibuss full av turistar som ville fotografere «Trekanten» og Utvik sentrum, som av fotoprest Olav Jakob Tveit vart kåra til «Perla i indre Nordfjord».

- At arbeidet mitt skaper glede for andre, er den beste betalinga eg kan få, smilte Margit før ho fullførte dagens jobb.