Når føredragshaldarane Kevin Frøystad og Petter Erik Nyvoll i dag kjem til Stryn, er eitt av måla å "fjerne Jantelova". Det er Elevate,  eit internasjonalt selskap som formidlar føredrag innan personlegheits- og næringsutvikling, som arrangerer seminaret der fokus mellom anna er på å verte medviten på sine eigne handlingar og fårstå kva du vil, kvifor du vil dette og korleis du skal kome dit.

Frøystad og Nyvoll reiser vidare med seminaret til Bergen og Stavanger etter å ha vore i Stryn.