Unge gutar skal ha teke seg inn i ei campinghytte i Hornindal for ei tid tilbake. Påtaleansvarleg Yngve Skovly ved Møre og Romsdal politidistrikt opplyser til Fjordingen at saka vart henlagt på grunn av mangel på opplysningar om gjerningsperson.

– Det var naboar til den aktuelle hytta som hadde observert gutar, og gutane skal ha sagt at dei kjenner dei som eig hytta.

Det vart ikkje gjort noko omfattande skade, men gjenstandar skal ha blitt dratt ut av skåp, det var søla med vatn og rota, opplyser Skovly frå anmeldelsen.