Det er meldt snø og vinteren er på veg. Nå kan du få SMS-varsel frå Statens vegvesen om fjellovergangen sin eller vegen må stengast på grunn av dårleg vêr.

– Tenesta er svært enkel å bruke, seier direktør for Drift og vedlikehold i Statens vegvesen, Bjørn Laksforsmo, i ei pressemelding.

På Statens vegvesen sine nettsider kan du enkelt abonnere på SMS-varsling for dei strekningane du ynskjer.

I tillegg til fjellovergangane, gjeld tenesta også for vêrutsette vegar som ofte blir stengt på grunn av vanskelege vêr- og føreforhold.

Tenesta gjeld for i alt 107 vegstrekningar i landet.

Dersom du som trafikant abonnerer på SMS-varsel, vil du få ein SMS om vegen må stengast, eller om det blir innført kolonnekøyring. Du vil også få informasjon om forventa varigheit. Når vegen er open att vil du få eit nytt varsel.

Du kan bestille varsling for så mange strekningar du vil, og tenesta er heilt gratis. SMS-varslinga er aktiv fram til du melder deg av.

Som abonnent får du varsel straks stenginga blir registrert som ei trafikkmelding hjå Statens vegvesen.

– Vi i Statens vegvesen gjer alt vi kan for å halde vegane opne året rundt, men på vinterstid kan vêret gjera dette umogleg. Når vi må innføre kolonnekøyring eller stenge ein veg, er dette for å ivareta trafikantane sin tryggleik. Dette kan skje på kort varsel. Vi veit at god trafikkinformasjon og ein mest mogleg forutsigbar reise er viktig for trafikantane. SMS-varslinga kan difor vera ei nyttig teneste for trafikantane, seier Laksforsmo.

Her kan du abonnere på Statens vegvesen si SMS-varsling

Saka stod først på trykk i Fjuken.