Ein mannleg motorsyklist i 50-åra vart først sendt til Førde sentralsjukehus i ambulansehelikopter etter å ha kollidert med ein bil på rv 15 aust for Stryn sentrum. Men skadene viste seg å vere meir alvorlege, og mannen vart sendt vidare med ambulansehelikopter til Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset opplyser fredag kveld at mannen er alvorleg skadd.

Ulukka som vart meldt kl. 13.23 fredag skjedde ved avkøyrsla til Nedstryn kyrkje.

Politibetjent Eirik Krossen opplyser til Fjordingen at motorsyklisten kolliderte med ein bil som kom frå kyrkja og svingte ut på rv 15. Motorsykkelen traff bilen midt på førarsida. Motorsykkelen vart liggjande i grøftekanten rett ved avkøyringa og føraren rett ved sidan av.

Politibetjent Krossen seier at vitneutsagn tyder på at motorsyklisten var i ein forbikøyringssituasjon då bilen svingte ut frå kyrkja, men at ingen ting tyder på høg fart.

Ved operasjonssentralen ved Sogn og Fjordane politidistrikt vert det opplyst at fleire av bilistane som vart forbikøyrde av motorsykkelen måtte bremse kraftig for ikkje å kollidere med bilen som svingte ut frå kyrkja. Førarkortet til bilføraren i slutten av 60-åra er beslaglagt på grunn av ikkje overhalden vikeplikt.

Bilen som svingte ut på rv 15 vart treft midt på førarsida. (Foto: Bengt Flaten)
Motorsykkelen vart kraftig ramponert i den kraftige kollisjonen med personbilen. (Foto: Bengt Flaten)