Kystkartverket sitt fartøy MS Hydrograf var i Stryn frå skjærtorsdag til 3. påskedag.

– Vi har gjort oss ferdig med oppmålingane i Innvikfjorden og Faleidsfjorden, opplyser toktleiar Mikal Strand til Fjordingen.

MS Hydrograf som er Kartveket sitt moderfartøy, låg ved kai på Visnes i Stryn. Til å registrere djupna brukte dei ein dei mindre målebåtane som er utstyrt med multistråle-ekkolodd.

– Det var til tider kraftig vind på fjorden i påska, men vi fekk gjort det vi skulle, fortel Mikal Strand til Fjordingen.

– Så no har Kartverket alle opplysningar om sjøforholda i indre Nordfjord?

– Ja. Vi hadde tidlegare målingar frå dei djupaste punkta. No er også resten av jobben utført.

– Kor djupt er det i indre del av Nordfjorden?

– Dei djupaste punkta ligg på 400 meter, seier Mikal Strand.