Johannes Thingnes Bø hadde ikkje marginane på si side under normalen i VM i Holmenkollen i ettermiddag. På veg inn til siste skyting hadde han ei svært god tid, og alt låg til rette for å kunne ta steget til topps på pallen. Men på første skotet gjekk det gale. Eit hårfint kanttreff som gjekk ut var alt som skilde VM-gullet frå den - etter kvart velkjende - 4. plassen.  Franske Martin Fourcade sitt fjerde gull, medan austerrikarane Dominik Landertinger og Simon Eder.

- Køddar du? Var eg så nær å bli verdsmeister på heimebane? var Johannes sin spontane kommentar til NRK då han fekk sjå opptak førsteskotet på siste ståande. Ikkje rart han hadde vanskeleg for å finne ord med det same, etter at han hadde fått sett millimeterbommen med eigne auge.

Men 22-åringen gjekk eit strålande løp, og sa seg også nøgd med løpet sett under eitt. Desto surare å ende på ein ny 4. plass.

Også storebror Tarjei kommenterte bommen etter løpet. Han hadde sett skytinga, og sa at blinken nesten vippa.

- Arrangørane burde ha olja blinkane betre, spøkte han, og la til at det nok var litt gammal rust som gjorde at blinken valde å ikkje vippe ned.

- Er det nokon som fortener ei medalje i denne meisterskapen, så er det Johannes, sa trenar Egil Gjelland då han vart intervjua av NRK på slutten av løpet. Gjelland trekte fram Johannes sine flotte plasseringar under meisterskapen så langt.  Johannes har ikkje vore dårlegare enn nummer fire i eit einaste av dei fire løpa han har gått.

Tarjei Bø på veg ut frå første skyting. Foto: Ingrid Kvåle Faleide

Tarjei Bø gjekk ut med høg fart, men ein bom på første liggande gjorde at han ikkje blanda seg i tetstriden etter første skyting. Men med to fulle hus klatra han oppover listene, heilt til siste skyting, der det diverre vart to nye bom. Han enda på 22. plass i løpet.