Komande helg samlast ungdom frå heile fylket for å syne fram musikk-, dans-, film- eller kunsttalentet sitt i Førdehuset. Då er det nemleg klart for den årlege fylkesmønstringa -eller UKM-festival som det no heiter. Både Stryn og Hornindal har fleire deltakarar med.

Scene: Tore Lødøen (slagverk) frå Hornindal, Andrea Kroken (song) frå Hornindal, dansegruppa Teletubbies frå Hornindal, Silje Greidung (gitar) frå Stryn, Stella Birthe Poland (harpe) frå Stryn, Andrea Vinsrygg Steen (song) frå Stryn og Anita Helene Sollid (monolog) frå Stryn.

Utstilling: Ailin Mari Olsen (teikning) frå Hornindal, Iselin Malene Olsen (teikning) frå Hornindal, Sonja Holmøy-Wang (teikning) frå Hornindal, Kine Cecilie Ludvigsen (treskjering karveskurd) frå Hornindal, Patrick Myklebust (papirkunst) frå Stryn, Marie Bøe Aaberg (måleri) frå prosjekt Pushwagner på Tonning skule i Stryn og Silje Greidung (måleri ”Auge”) frå Stryn.

30 vidare til Trondheim

I løpet av festivalhelga skal ungdommar delta påsceneframsyningar og utstilling, opne for publikum. Men det er ikkje berre deltakarane som er ungdom, også arrangementet som heilskap vert i stor grad forma av unge krefter frå fylket. Framsyninganevil bli leia av unge konferansierar og i kulissane vil det vere medunge arrangørar. Framsyningane vert filma og fotografert av UKMMedia, med elevar frå MK-linjene ved Sogndal vgs. og Hafstad vgs.

30 ungdommar vil bli plukka ut avjuryen til å representerer Sogn og Fjordane på den nasjonaleUKM-festivalen i Trondheim i juni. Innslaga og utstillingsarbeidasom går vidare skal representere breidda av ung kultur i fylket.Også unge konferansierar, unge arrangørar og deltakarar i UKM Mediakan gå vidare. Festivalen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordanefylkeskommune og Førde kommune, som er hovudarrangør.