I 2014 tok over 6000 forbrukarar kontakt med Forbrukarrådet etter åha blitt lurt inn i eit abonnement, eller fått grunnlause rekningarog inkassokrav frå selskapet Uno Life. Fokusgrupper Forbrukarrådethar gjennomførd med dei som blei ramma, viser at saka har settdjupe spor.

- Undersøkinga viser at vi ikkje skal ta lett på fryktagrunnlause inkassokrav kan utløyse, seier regiondirektør Pia KleppeMarken ved Forbrukarrådet i Hordaland og Sogn og Fjordane. I denkvalitative undersøkinga seier forbrukarane at dei blei stressa,sinte og redde då dei mottok ugyldige inkassokrav frå Uno Life ogbrev om mogeleg innkalling til forliksrådet. - Det å mottainkassovarsel utløyste uvisse og uro omkring framtidig økonomi –dei blei redde for å få merknader og redusert låneevne i framtida.Somme blei også redde for å miste jobben. Somme fortalde ompsykosomatiske stressreaksjonar, som eksem og søvnproblem, legg hotil. Her kan du lese om inkassorettane dine.

- Kjende merkevarer misbrukteMange forbrukarar blei kontakta av Uno Life etter å ha delteke iein konkurranse på internett, kan Pia Kleppe Marken fortelje: -Konkurransane gav inntrykk av at dei var arrangerte i samarbeid medaktørar som VG, Se og hør, Dagbladet, og Rema 1000 – etablertemerkenamn folk har tillit til. Slik fekk dei ei kjensle avtryggleik og fylte inn telefonnummeret sitt i samanheng medkonkurransen. Det var det dessverre ikkje grunn til, for etterpåringde Uno Life dei opp for å lure dei inn i dyre abonnement, seierKleppe Marken. Her kan du lese meir om gratiskonkurransar på nettet.

Ikkje lenger åleineUndersøkinga viser at det er behov for Forbrukarrådet når folkkjenner seg overkøyrde.- Fyrst då forbrukarane fekk kontakt medForbrukarrådet, kjende dei seg trygge på at saka ville ordne seg,og dei slappa av. Då hadde saka for mange vart i fleire månader.Deltakarane i fokusgruppene uttrykkjer stor takksemd for hjelpa deifekk.

- Det kan forklare kvifor vi fekk så mange telefonar ogklagesaker etter kvart som saka blei kjent i media. Då kjende deisom blei ramma seg ikkje lenger åleine. Mange var flaue over at deihadde «late seg lure», og snakka ikkje med sine nærmaste om sakafør dei las om den på nettet eller i avisa, kan Pia Kleppe Markenfortelje.