Sverre Leivdal frå Hornindal skal etter planen reise til Brussel i morgon og er skremt over meldingane om bombeeksplosjonar både på flyplassen og på metrobanen i byen tysdag morgon.

Tysdag ettermiddag melder internasjonale medium om 34 drepne og over 150 skadde som følgje av terrorangrepa.

Leivdal si kone Siv og dottera Sunniva har budd 40 minutt køyring sør for Brusse i snart tre år, medan Sverre har vore vekependlar.

- Siv og Sunniva er trygt heime sør for Brussel og sonen vår Sondre kom ned fredag før palmehelga. Sånn sett er familien langt unna bombeeksplosjonane.

Likevel går det sjølvsagt inn på oss, seier Leivdal.

Han har snakka med familien sin no på morgonen.

- Dei er på veg i bil til Frankrike på ein handletur, og er ikkje i nærleiken av dei dramatiske hendingane, seier Leivdal.

Bilda som har kome ut på ulike media kort tid etter eksplosjonen viser i følgje Leivdal at eksplosjonen har skjedd i innsjekkingsområdet rett ved også der SAS har sine innsjekkingsautomatar.

- Svært mange nordmenn flyr til og frå Brussel kvar einaste dag og mange nyttar flyplassen til mellomlanding, seier Leivdal.

- Vert du meir skremt i forhold til å reise no?

- Vi har vore tett på fleire aksjonar og terrorhandlingar dei siste månadene, ettersom vi bur nær Brussel. Likevel kan ikkje livet stoppe opp. Eg prøver å ikkje forhalde meg til frykt, men det er klart ein vert rysta når ein ser slike bilder som i dag, seier Leivdal.

I følgje belgiske media er flyplassen, t-banen og anna kollektivtransport i Brussel stengt etter bombeeksplosjonane.