Stryn har ikkje teke endeleg stilling til om det skal gjennomførast ei rådgjevande folkeavrøysting i samband med eventuell kommunesamanslåing.
- Vi er truleg på overtid i forhold til folkeavstemming men vil få avklara dette fort, uttrykte ordførar Sven Flo i forhandlingsmøtet om intensjonsavtale mellom Stryn, Volda og Hornindal fredag.
Det har fram til no vore mest omsnakka å køyre ei opinionsundersøking blant innbyggjarane. Dette er til dømes det Hornindal har bestemt seg for å gjere. Dei skal spørje 1/3 av innbyggjarane om deira meining når det gjeld kommunesamanslåing.
- Eg fryktar toget er gått når det gjeld avrøysting, sa rådmann i Stryn, Per Kristian Storevik, og synte til det som krevst for å få i stand ei slik folkerøysting.
Volda skal køyre ei koordinert folkeavrøysting med Ørsta om Volda-Ørsta alternativet 19. mai, men gjorde det klart at alternativet Volda-Stryn-Hornindal klarar dei ikkje å få med her.
Dei vil i staden høyre folket si meining om dette alternativet gjennom ei opinionsundersøking.
Dei tre kommunane var samde om at dette må samkøyrast både i høve tidspunkt for gjennomføring, ein del av spørsmåla som blir stilt og offentleggjering av resultata frå denne.