Stryn kommune fekk i 2015 eit overskot på 20,4 millionar kroner. Det opplyser rådmann Per Kristian Storevik til Fjordingen.

Ca 8 millionar av overskotet skriv seg til lågare pensjonsinnbetaling enn det som var budsjettert. Stryn kommune fekk også tre-fire milionar kroner meir i skatteinntekter enn det som var forventa då kommunestyret vedtok budsjettet for 2015. Den resterande delen av overskotet er i følgje rådmannen resultat av god budsjettdisiplin og lojale tilsette.

- Sektorane held budsjetta som dei får tildelt og utfører sine pålagde oppgåver utan å pine ned tenestenivået. Det er veldig viktig i ein stor organisasjon med årsbudsjett på ein halv milliard kroner. Så dei tilsette skal ha stor del av æra for det økonomiske resultatet i 2015, understrekar Per Kristian Storevik.

- Stryn kommune kan skilte god kommunal drift?

- Ja, det vil eg seie. Det gjenspeglar seg i alle sektorar.

- Kva skal årsoverskotet på 20,4 mill. kroner nyttast til?

- Det blir opp til politikarane å bestemme. Men pengane vil kome godt med når vi veit at det både i 2016 og 2017 ligg inne bruk av fondsmidlar for å få budsjetta i balanse, sluttar Per Kristian Storevik.