Tarjei Bø vart nummer tre og best av dei norske på dagens verdscupsprint i italienske Anterselva. Tarjei skaut to fulle hus og gjekk elles eit godkjent langrenn. Særleg sisterunden var av godt merke, der han mellom annan slo dagens vinnar Simon Schempp med halvtanna sekund. Bø har 10,8 sekund å ta att på morgondagens jaktstart.

Men den som verkeleg imponerte i sporet i dagens sprint var bror Johannes Thingnes Bø. Han gjekk det som av NRK-kommentatoren vart beteikna som eit "monsterløp", og var berre 21 sekund bak Schempp trass ein bom på kvar av skytingane. Johannes vart til slutt nummer 8.