I løpet av denne veka vert spaden sett i jorda på Loen stadion.
- Vi har hatt oppstartmøte med aktørane, og Yri Sand AS er valt som entreprenør. I tillegg vil det bli utført mykje godt dugnadsarbeid, opplyser leiar i fotballgruppa og ein av initiativtakarane, Jørn Moen til Fjordingen.
- Kva skal utførast i haust?
- No skal vi setje opp gjerde rundt anleggssområdet, og alt grunnarbeid skal utførast i haust. Mykje rør skal ned i grunnen, og vi får sjå kor flinke vi kan vere på dugnadsarbeid. Vi skal vidare klergjere for bygging av klubbhus. Anhengig av veret, er også planen å få opp råbygget før jul. Til våren skal det leggast kunstgras og monterast lysmaster.
- Kan bana blir klar til sesongstart til våren?
- Det er planen, og utover hausten no blir all aktivitet lagt til Vikane, seier Moen.