Røde Kors sin vaktsentral på Utvikfjellet kan melde om ei roleg påske.

-Så langt i påskeveka har vi ikkje fått melding om skadde personar, opplyser vaktleiar Terje Ryssdal til Fjordingen.

Sidan onsdag har 4-6 personar frå Gloppen Røde Kors og Vikane Røde Kors hatt dagvakt i hytta som ligg like ved skianlegget på Utvikfjellet.

- Vi har køyrt nokre turar langs løypene, men ingen har hatt behov for assistanse, fortel Terje Ryssdal.