- Eg er glad jentene skaffa oss ein god start. Dei har jobba hardt inn mot Mix-stafetten, fortalde ankermann Tarjei Bø etter VM-bronsen saman med Marte Olsbu, Tiril Eckhoff og broren Johannes torsdag ettermiddag.

På pressekonferansen etter  opningsetappen i skiskyttar-VM i Holmenkollen sa eldstemann Bø at han var litt nervøs og ikkje nok fokusert på liggjande skyting.

- Eg visste at det var på ståande det ville bli avgjort. Då var eg dessverre ikkje i posisjon til å kjempe om gull, sjølv om eg prøvde å kome tilbake. Eg følte vi tapte gullet, sa Tarjei.

På spørsmål frå Fjordingen om kor fornøgd Johannes var, svarte han at han at 3. plass og medalje er bra på heimebane.

- Difor er eg 90 prosent nøgd. Dei siste ti prosenta tek vi i dei neste konkurransane, sa Johannes med eit smil. Før han la til at medaljesjansen fort kunne blitt borte dersom Ukraina sin ankermann hadde skote fullt hus.

- Det er skiskyting, så alt i alt må vi vere fornøgde med medalje, sa Johhannes.

Under pressekonferansen fortalde han og at han hadde snakka med mamma rett etter løpet. Ho var på veg til NRK-studio. I føgje Johannes var mora meir nervøs enn sønene.

- Kva forventar familien? Ikkje noko, men dei veit godt at vi kan ta gull på ein max-dag.