Heisane gjekk, sola skein og folk strøymde på i Stryn Vinterski i dag. Mange rende i hovudtraseen frå fjerde mast og ned. Andre tok heisen heilt opp for å ta den eine nedfarten som var opna opp i Steindalen. Også tautrekket (Kongleriketrekket) var opna med mange barnefamiliar på plass.

- No har vi hatt seks turar ned frå fjerde mast. No vil vi inn og få oss litt varmt å drikke, sa Siri Beinnes Lien og Maren Bø Håheim som begge går i sjetteklasse. Søstrene Celina og Catharina Fredriksdotter Leirvik Vinsrygg fylgde med. Twin tip-ski syntes å vere populært. Slike ski hadde også trioen John Erlend Bø, Atsada Pasomsat og Sander Tenden som går i 7. klasse.

- Vi likar godt å renne utanfor traseen også, men det går ikkje når det er så lite snø, sa dei tre.

Gutar som er klare for ein ny tur. Frå venstre: Atsada Pasomsat, Sander Tenden og John Erlend Bø. (Foto: Ove Sveen)