Dei som ferdast litt på stiane i skogen mellom Hol og skisenteret, har nok merka seg at det stadig kjem nye utbetringar til. På tidlegare blaute myrstrekk kan ein no gå tørrskodd og det er sikra langs einskilde parti ved elva.

- Ja, vi har fått midlar til den statleg sikra turtraséen fråTonningøyra, langs Vikaelva til Hydla og er godt i gang med tiltak, fortel miljøvernleiar i kommunen, Odd Rønningen.

Solide plankar har erstatta den noko morkne gangbrua over dette våte partiet.

- I år vert det skifta grindpå Sandbakk, sikra eit farleg parti mot elva ovafor Kleiva, lagaklopper på våte parti, laga to småinformasjonsskilt frå «Mitt kulturminne» (Hynnjelsbrua ogLitjekloppa) og til slutt stort informasjonsskilt på Tonningsøyra, opplyser Rønningen.

Han fortel at i planen ligg også merking av stien opp til Hydla.

Også steinar har blitt lagt til rette for å lage ein best muleg sti.

- Og vi vil prøve å fålaga ein film om turen, fortel Rønningen.

Hynnelsbrua vart restaurert for to år sidan, og det er Jonny Tvinnereim som er leigd inn til å utføre arbeidet.