Dersom du har sett den australske serien om koalaen Blinky Bill på NRK Super, har du kanskje høyrt ei kjend røyst?

Mariann Rosa Thomassen frå Stryn er stemma til ein av houvdkarakterane, Nøtta, i serien som elles har m.a. Frank Kjosås, Helge Jordal, Johannes Joner og Terje Sporsem på rollelista.

– Det stemmer, eg er Nøtta, og fem andre karakterar i serien. Veldig kjekt, seier Mariann Rosa, mest kjend som frontfigur og vokalist i punkpopbandet Surferosa.

Det er ikkje første stemme-rolla ho gjer.

– Først vart eg headhunta til My Little Pony-filmen. Sia (australsk popartist) gjorde rolla i USA, og filmselskapet meinte at eg passa til å vere hesten med lugg her i Norge, fortel Mariann til Fjordingen.

Etter denne rolla vart ho kalla inn til stemmeprøve/audition for Blinky Bill,

– Og så fekk eg kremjobben! seier Mariann.