Roy Aron Myklebust og Torunn Lødemel Stokkeland er klare for Opera Nordfjord si oppsetjing av Sound of Music til hausten. Han som husvenen Max, ho som hushjelpa til den syngjande familien.

Over 90 kandidatar melde seg då operaen heldt audition for nokre veker sidan.

- Ettergrundige drøftingar og call-back er rollelista klar, med ei finblanding av amatørar og profesjonelle, i all hovudsak frå eigedistrikt, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Desse skal ha rollene som von Trapp-familien: Gretl: Eirill Dæmring (Eid), Marta: AnnaLillestøl Naustdal (Haugen), Kurt: Iver Flyum Bjørlo (Eid),Brigitta: Ingrid Oliva Halnes Melheim (Hjelle), Friedrich: DennisHeimsæter (Haugen), Louisa: Sofia Hyttedalen (Gloppen) og Liesl:Martha Standal Pavelich (Haugen). Av vaksne roller skal JorunnTorsheim frå Førde/Oslo ha hovudrolla som Maria, Erlend Gjul fråAskvoll skal gjere rolla som kaptein Georg von Trapp,distriktsmusikar Christine Marøy frå Førde vert abbedissa, Roy AronMyklebust frå Stryn speler familievennen Max, og Torunn LødemelStokkeland frå Hornindal skal tolke rolla som hushjelpa FrauSchmidt. Asbjørn Hagen, Eid skal gjere rolla som Rolf, kjærastentil Liesl , Silvia Holmøy frå Holmøyane vert Baronessa, venninnatil Georg von Trapp, og Dag Inge Dæmring speler rolla somadmiralen. Nonnekoret er samansett av unge jenter og vaksne fråEid, Volda, Hornindal og Gloppen.

Jorunn Torsheim skal ha rolla som Maria von Trapp. Foto: Pressefoto

Mange av dei som ikkje fekk soloroller har fått tilbod omå vere med i nonnekoret, som er ein viktig del av musikalen, medfleire flotte musikalske nummer.

Musikalen skal ha premiere i Operahuset Nordfjord i oktober, og det er lagt opp til tre-fire førestillingar.

Regissør og musikalsk leiar vert Michael Pavelich,koreograf vert Candice Bredesen, og det vert eit nært samarbeid medEid vgs i produksjon av kulissar og rekvisittar.