Veten-løparar i toppen i "Pinseløpa"

Leif Inge Jevnlid, frå venstre, Sven Langvik, Elias Bergset og Magnar Slagstad (Fjellhug Vereide) markerte seg ste rkt under pinseløpa. (Foto: IL Veten) 

Sport

Orienteringsløparane Elias Bergset, Leif Inge Jevnlid og Sven Langvik frå IL Veten slo alle til med gode løp under krinssamlinga på Hedemark i pinsa. Alle tre deltok i dei tradisjonelle "Pinseløpa" som omfatta tre løp i Elverum. Det var sprint, mellomdistanse og langdistanse.

Elias bergset i H15-16 vann sprinten, fekk ein 2. plass på mellomdistansen og ein 7. plass på langdistansen. Leif Inge Jevnlid (H13-14) fekk 2. plass på sprinten, 9. og 6. plass på dei to andre distansane. Sven Langvik fekk 5. plass på sprinten og 8. plass på mellomdistansen.