Hovedlandsrennet i alpint i Hafjell:

Daniel vart best frå Sogn og Fjordane

Ein konsentrert Daniel Hagen før andre omgang i slalom i Hovedlandsrennet i alpint søndag.   Foto: Privat

Sport

Daniel Hagen frå IL Veten tok ein sterk 17. plass i slalom under Hovedlandsrennet i alpint søndag. Han vart dermed beste utøvar frå Sogn og Fjordane i gutar U16-klassen i dette rennet.

Etter ein rask første omgang låg han på 14. plass, og då han klarte å fullføre andre omgang, vart han til slutt nummer 17 av totalt 74 startande.

Laurdag vart Veten-løparen nummer 23 i storslalåm av totalt 120 startande i klassen sin. Han har hatt ei stigande kurve under Hovedlandsrennet etter 37. plass i super-G fredag og 54. plass i utfor torsdag.

Sogn og Fjordane skikrins stilte med ein tropp på ti utøvarar, og dei har hatt precamp og trening på Hafjell heile veka før rennet.