Oppstryn sitt 6. divisjonslag i fotball avslutta vårsesongen med målshow mot Stadlandet/Åheim heime på Lund stadion torsdag. Heile 11-0 stod det til heimelaget ved full tid, noko som er tangering av klubbrekorden frå 2010 då Vikane tapte for blåtrøyene med same siffer.

Håvard Nygård, Martin Nesje Lindvik (2), Lars Midthjell Gjørven (2), Lasse Hjelle (2), Magnus Guddal (2), Rasmus Bø og Jonathan Silden stod for scoringene mot Stadlandet/Åheim. Pauseresultatet var 3-0.

Oppstryn står etter vårsesongen med åtte strake sigrar, også det skal vere rekord