Starta VM med norsk gulljubel

Norsk VM-gull: Marte O. Røiseland, Tiril Eckhoff, Johannes T. Bø og Vetle S. Christiansen jubla for gull på mixed-stafetten i VM i skiskyting i Østersund.   Foto: Ragnar Singsaas

Sport

Johannes Thingnes Bø fekk ein strålande start på VM i skiskyting i svenske Østersund torsdag.

Saman med Marte O. Røiseland, Tiril Eckhoff og Vetle S. Christiansen tok stryningen gull på mixed-stafetten.

Ein spennade stafett vart avgjort med fullt hus for ankermann og VM-debutant Vetle S. Christiansen på siste skyting.

Dermed kunne han kontrollere inn sigeren og kryssa mållinja 13 sekund føre Tyskland.

Før det heldt både Røiseland og Echhoff det norske laget med i teten etter dei to første etappane.

På tredje etappe skaut Johannes ned dei fem første blinkane på første skyting.

Markane- løparen måtte bruke to ekstraskot på ståande, men gjekk kjapt i løypa og parkerte tyskaren. Han sende ut ankermann Vetle med 15 sekund, som ikke misbrukte sjansen sin.

Det enda med norsk gulljubel etter ein spennande første VM-dag i Sverige.