Sette ny personleg rekord på 60 meter:

Sølv og bronse til Ruben

Sport

Ruben Alexander Eide Gjerde i Olden IL tok fredag ein imponerande 2.plass i lengde i 14-årsklassen på Tyrvingleikane i friidrett på Nadderud stadion i Bærum.

- 5,50 meter er noko bak persen, men likevel sterkt levert, rapporterer Hans-Petter Galtung i Olden IL.

På 200m vart tida 25,43. Dette heldt til ein 9.plass i det sterke selskapet.

Laurdag tok Ruben ein flott 3. plass på 60 meter. Tida 7.53 er ny personleg rekord med 13 hundredel. Denne gongen måtte Ruben sjå seg slått av Jakob Slåtten frå Jølster som sette ny krinsrekord for Sogn og Fjordane med 7,45. Vinnar vart Sebastian Berntsen, Tønsberg på 7,31.

- 2005-årgangen er ein veldig sterk friidrettsårgang. Det er godt gjort av Ruben å greie 3. plass på 60 meter og 2.plass i lengde på norges største friidrettsstemne i ei veldig sterk årsklasse, fortel Galtung.

Frå same idrettslag skal også Maja Fuglestrand Baade i aksjon i 14-årsklassen i spyd.

Begge to møter dei beste friidrettstalenta i sine årsklassar i det som er det største friidrettsstemnet i Norge.

HER kan du sjå alle resultat fortløpande frå Tyrvingleikane