Stryn snudde kampen til jubel i sola

Jubel: Stryn vann 4-2 mot Florø 2 laurdag, med mange blad Garlid på bana. Johannes Garlid Tenden (t.h.) scora to, medan Ruben Garlid kom rett inn i strynetrøya, frå benken og scora. Mathias Ullebø Garlid og resten av laget jublar her for 4-2-målet til Ruben.  Foto: Sigrid Heggestad

Sport

Stryn vann 4-2 mot Florø 2 i oppgjeret i Kretsligaen på Stryn stadion laurdag. Ein ung loar var svært delaktig i dei tre poenga.

Første omgang var jamn utan dei store sjansane til nokre av laga. Det var gjestene i blått som leia 0-2 etter nokre relativt enkle mål  på tampen av omgangen.

I pausen meinte strynetrenaren at laget ikkje var i flytsona, og måtte opp med hovudet i det varme sommarveret.

Etter sidebytet kom Johannes Garlid Tenden inn som spiss med utkvilde føter. Publikum fekk sjå eit langt meir aggressivt strynelag som dominerte spelet i andre omgang.

Johannes reduserte til 1-2 etter om lag 22 minutt, og fem minutt etter utlikna han til 2-2. Stor jubel og blide fjes både på bana og på sidelinja. Men jubelen hadde knapt stilna, før Tenden fekk frispark og Tanel Melts smelte inn 3-2.

Nokre minutt seinare var Ruben Garlid tilbake i strynetrøya, kom rett inn frå benken og sørga for sluttresultatet med scoringa 4-2 til Stryn.

Johannes Garlid Tenden vart kåra til dagens stryning i kampen.