Norway Cup:

Kjempestart for Loen-jentene

Låg under 0 - 2

God start: Dette laget vann første kamp under Norway Cup søndag   Foto: Trude Emma Fløtre

Sport

Loen IL sitt J 13/14-lag fekk ein knallstart på Norway Cup søndag. Dei snudde nemlig 0 - 2 etter første omgang til 3 - 2 siger mot Holmlia i sin opningskamp.

Laget feirer sigeren med tur til Tusenfryd.

Vidare i gruppespelet møter Loen-jentene Vigra IL måndag og Lom IL tysdag.