Dobbelt verdsmeister:

Spelte nasjonalsongen for Live Sollid

Sjå medaljeseremonien for 15-åringen frå Hornindal i Italia

Medaljeseremoni for Live Sollid (Foto: Magnus Sollid)

Sport

15-åringen Live Sollid frå Hornindal vart dobbelt verdsmeister etter å ha vunne motbakkeløp fredag og det 17,5 km lange fjelløpet i italienske Gran Sasso søndag.

At 15-åringen konkurrerte i klassa 16-18 år gjer prestasjonane desto større.

Tysdag kveld vart Live heidra heime i Hornindal.