Stryn vart for sterke

Godt humør i laget etter at Sigurd Fotland Fænn (nr.29) auka til 4-1 ein halv time før slutt. Stryn vann kampen mot Syril 6-1 

Sport

Det var mange blide fjes på bana då Stryn vann komfortabelt 6-1 mot Syril i oppgjeret i Kretsligaen på Stryn stadion laurdag.

Heimelaget tok føringa i kampen, og etter 20 minutt hadde Vegard Sæten Hopland sett inn to mål for Stryn.

Stian Olsbø auka til 3-0 etter ein halvtime. Gjestene reduserte like før pause til 3-1 etter ein liten periode med meir jamnt spel.

Stryn dominerte resten av kampen, medan sogningane jaga etter ballen utan hell.

Sigurd Fotland Fænn auka til 4-1, medan Ole-Ivan Glosvik Espeland var målscoraren ved 5-1.

I lett regnver var det Petter Hammer som fekk æra av å sette inn sluttresultatet 6-1 ti minutt før dommaren bles av kampen.


Meir om kampen i tysdagsavisa