Årsbeste i Norge og ny krinsrekord

Maja Fuglestrand Baade, Olden IL, sette ny krinsrekord og årsbeste i Norge i liten ball (150gr) på lagsmeisterskapen i friidrett på Byrkjelo laurdag. Her frå ein tidlegare spydkonkurranse.  Foto: Olden IL

Sport

Maja Fuglestrand Baade, Olden IL, sette ny krinsrekord og årsbeste i Norge i liten ball (150gr) på lagsmeisterskapen i friidrett på Byrkjelo laurdag.

Maja har vore på jakt etter krinsrekorden i liten ball denne sesongen, og laurdag lukkast det. Ho kasta heile 60,83 meter, og knuste dermed krinsrekorden som var sett av Vigdis Bolstad, Oppstryn IL med 56,00 heilt tilbake i 1966.

Dette er og det beste resultatet i Norge i klasse 14 år så langt i år, og nr. 12 på norgesstatistikken gjennom alle tider, skriv Olden IL på nettsidene sine.

Ho er no innehavar av ikkje mindre enn fire krinsrekordar i aldersbestemte klassar 13 og 14 år. Det gjeld spyd (400 gr.) og liten ball (150 gr.). På norgesstatistikken i år er ho nummer to i spyd og nummer ein i liten ball.

- Sesongen er ikkje heilt slutt, så her kan det kome endringar. Likevel kan vi slå fast at Maja har hatt ein flott sesong, og halde fram der ho slapp i fjor, då ho representerte Loen IL, fortel Hans-Petter Galtung i Olden IL.