MOT-pris til skiskyttar Torje Seljeset

Skiskyttarane Torje Seljeset, Markane IL og Natalie Årevik, Vik IL, fekk MOT-prisane frå MOT Region Vest.  Foto: MOT Region Vest

Sport

Torje Seljeset, Markane IL, er ein av dei som har motteke prisen "Skiskyttar med MOT" frå Region Vest i Mot.

I år som i fjor er YX Norge saman med MOT ute på turne for å dele ut prisen "Skiskyttar med MOT". Sist helg var det blant anna Region Vest sin tur, og vinnarane vart Natalie Holen Årevik, VIK IL og Torje Seljeset, Markane IL.

Prisen går til sju gutar og sju jenter i alderen 15-16 år, som er rollemodellar og bidreg positivt til lagmiljøet i sine klubbar og krets.

— Det er stort for oss å få dele ut denne prisen i samarbeid med YX og Norges Skiskyttarforbund. Med denne prisen rettar vi fokus på ei anna side av idretten enn berre resultat. Nemleg kor viktig det er å vere ein lagspelar og god rollemodell på MOT til å leve, bry seg og seie nei, seier kommunikasjonsansvarleg for MOT Regine Oen Hatten, i ei pressemelding.

Premien er fullt landslagsutstyr og ein tur til opningshelga på Sjusjøen. Der får prisvinnarane både trene med landslagstrenarane og møte dei store forbildene sine innanfor skiskyting.

I tillegg til å dele ut prisen, har MOT føredrag for dei unge skiskyttarane og NSSF står for gode treningssamlingar for ungdommane.