Hjelmeset med i Mesternes Mester

Odd-Bjørn Hjelmeset er ein av deltakarane i Mesternes Mester med første episode på NRK1 i kveld.  Foto: NRK

Sport

Odd-Bjørn Hjelmeset er blant deltakarane i den nye sesongen av programmet Mesternes Mester, som startar på NRK1 onsdag kveld.

Ti nye deltakarar frå ti ulike idrettar skal konkurrere om å bli "meister over alle meistrar" i den ellevte sesongen av reality-programmet.

Hjelmeset har prøvd å vere med fleire sesongar, men har ikkje fått det til av praktiske grunnar.

– Eg er vel den einaste i heile Norge som ikkje har sett på «Mesternes mester» på TV. Men absolutt alle tidlegare deltakarar som eg har snakka med, seier at det er ei heilt ufatteleg morosam oppleving, og noko eg berre få til å vere med på. Så no gler eg meg skikkeleg over at det gjekk i orden i år, seier den tidlegare langrennsmeisteren til NRK.

– Eg er jo ein sosial fyr og ser aller mest fram til å vere saman med dei andre deltakarane. Men eg ser ikkje heilt vekk frå at konkurranseinstinktet kan vakne undervegs og, seier Hjelmeset som gleda seg til innspelinga i Kroatia.

I kveld kan du sjå første episode av den populære serien.