Vestlandsmeisterskap i skiskyting

Raske skiskyttarar øvst på pallen

Oddrun H. Kirkeeide vann med fem sekunds margin i Vestlandsmeisterskapen i Vik laurdag.  Foto: Arkiv

Sport

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, vann 15-årsklassen på normalen i Vestlandsmeisterskapen i skiskyting i Vik laurdag.

Med rask fart i sporet og ein bom på kvar av skytingane, vann ho med fem sekund til andreplass.

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vart vestlandsmeister på normal med 8 treff. Nummer 2 Frøya Haughovd og nr 3 Ada Borgund, Stårheim.   Foto: Nordfjordteam

Gunn Kristi S. Tvinnereim, Hardbagg IL/Stryn vgs. tok ein klar førsteplass i K18, trass i mange bom på standplass.

Gunn Kristi Tvinnereim øvst på pallen i 18-årsklassen, her saman med Oselie Henden, Eid (t.v.) og Ingrid Heggen, Stårheim.   Foto: Nordfjordteam

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL/Stryn vgs, sikra sigeren i K17, med Hedda Garlid Hilde på tredjeplass i same klasse.

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, vann normalen i 17-årsklassen.  Foto: Nordfjordteam

Olina Svarstad Heggdal, Markane IL, vart nummer ein i 11-årsklassen.

Klubbvenninnene Katrine Svarstad Heggdal og Inger Hjelmeset vart nummer to og tre i 14-årsklassen.

Truls-David T. Tytingvåg, Hardbagg IL, tok ein flott 1. plass i 12-årsklassen med berre ein bom på standplass.

Sjå resten av resultata til lokale utøvarar HER

Søndag blir det sprint for skiskyttarane på Vik skisenter.