Fleire vestlandsmeistrar frå Stryn

Ann Kristin Aaland, Hardbagg IL, vart vestlandsmeister på sprinten i Vik.   Foto: Nordfjord Team

Vestlandsmeister Inger Hjelmeset (t.h.) saman med Katrine Svarstad Heggdal som vart nummer to på sprinten.  Foto: Nordfjord Team

Sport

Etter det gode laginnsatsen med mange pallplassar på normalen laurdag, følgde Nordfjord Team opp på sprinten på Vestlandsmeisterskapen i Vik søndag. Nok ein dag med mange sterke prestasjonar blant lokale skiskyttarar.

I 14-årsklassen var det Inger Hjelmeset, Markane IL, sin tur til å klatre heilt til topps på pallen. 14 sekund bak følgde lagvenninne Katrine Svarstad Heggdal på andreplass. Begge pådrog seg fire bom kvar, men var likevel langt føre resten av deltakarane på lista.

Ann Kristin Aaland, Hardbagg IL, vart vestlandsmeister med ein sterk 1. plass på sprinten i 16-årsklassen.

Maren Hjelmeset Kirkeeide var nok ein gong best i K17, med Hedda Garlid Hilde på tredjeplass.

Hardbagg-løpar Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim var heilt suveren i 18-årsklassen på sprinten søndag.

I 15-årsklassen gjekk Mari Sofi Meland, Markane IL, inn til ein flott 3. plass.

I 11-årsklassen vann markane- skiskyttar Olina Svarstad Heggdal både sprinten i dag og normalen søndag.

Truls-David T. Tytingvåg, Hardbagg IL, tok nok ein pallplass i helga 3. plass i G12. Han vann normaldistansen søndag.