Stryn-Sogndal i 4. divisjon:

Endeleg handballkamp igjen, etter halvtanna års pause

Eit ungt strynelag var tidvis på høgde, men måtte sjå seg slått av Sogndal i den første seriekampen etter koronastoppen våren 2020.

Jenny Grov Kämpf t.v. i duell med ein Sogndal-spelar.  Foto: Berit Melheim

Sport

Endeleg vart det handballkamp i gjen for handballjentene i Stryn etter at landet opna igjen etter pandemien. Laurdag møtte dei Sogndal til sesongstart i 4. divisjon, på heimebane i Strynehallen.