Fantastisk medaljefangst i UM

Sport

UM 2014 i Haugesund som vart av slutta i går, vart ein formidabel suksess for friidretten i Sogn og Fjordane. Fylket sin medaljefangst vart 7 gull, 4 sølv og 4 bronse.

Laurdag sikra Ingar Hjelle frå Oppstryn seg gull i høgde, og på siste dag sikra Inga Kårstad Skaar gull på 2000m etter å ha køyrt feltet heilt frå start.

Lokalt tok Hjelle i tillegg ein 4. plass i stav og ein 5. plass i diskos. Mathias Melheim frå Olden fekk ein 4. plass i kule og 6. plass i diskos. Jenny Vik Skrede frå Stryn fekk ein 4. plass i forsøket på 100 meter og ein 10. plass i kvalifiseringa i lengde.

Thomas Mardal frå Sandane vart UM-kongen med heile 5 gull. Han vann alle kastøvingane i 17-årsklassen og tok i tillegg sølv på 100 meter.