Har flest maratonløp under tre timar

Helge Hafsås har no 222 maratonløp der han har sprunge under tre timar, noko som er flest i Norge.  Foto: Stig Høynes/arkiv

Sport

Helge Hafsås, Olden IL, kom på 2. plass med tida 2.45.26 i Jølster Maraton i går på ein ein svært varm sommardag.

Sverre Gunnar Brunstad, Lørenskog FIL, vann og sprang inn til tida 2.42.52.

Haftså er likevel no den løparen i Norge som har flest maratonløp under tre timar, med sine 222 løp.

360 fullførte konkurranseklassane, noko som er rekorddeltaking i det 33. Jølster Maraton, skriv arrangørane.

Resultat frå løparar i lokale idrettslag:

Halvmaraton

K18-19

2. plass Ingrid Kvåle Faleide, Loen IL, 2.02.21

M55-59 år

5. plass Einar Strand, Olden IL,1.42.44

M65-69

7. plass Per Maurset, Markane IL, 2.28.04