Fotballmoro for tusen unge spelarar

Nærare tusen spelarar fordelt på 90 lag deltok i Grodås Cup 2010 i helga, og mange av deltakarane gav gode tilbakemeldingar.
Sport

- Med kunstgras og hall skal arrangementet bli endå betre, seier Steinar Bakka til Fjordingen etter at årets cup er vel gjennomført.

Inngangen til Grodås Cup nummer 13 var den verst tenkelege med store nedbørsmengder og stormkast fredag. Banemeister Ola Roar Fannemel og medhjelparane jobba døgnet rundt for at anlegga skulle vere presentable til kampstart laurdag morgon. Og innsatsen gav resultat. Dei sju spelebanene og treningsfeltet som vart nytta til fotballskule, låg grøne og innbydande då turneringa starta. Også veret blei betre etterkvart som timane gjekk, og søndag vart ein flott dag for fotball.

Førde IL har sidan starten i 1998 hatt med omlag 80 lag i Grodås Cup.

- Dette er ein cup som passar våre yngre spelarar. Her er korte avstandar, gode baner og godt arrangement, rosa klubbleiar Per Øyvind Storevik. Som også nytta sjansen til å invitere til gjenvisitt:

Rådmann i Hornindal, Frank Westad var på plass som engasjert trenar for Hornindal sitt 96-lag gutar.

- Ei kjempeturnering. Når vi får bygt kunstgrasbane og hall, vil det ikkje finnast betre anlegg nokon stad i Norge, smilte den fotballengasjerte rådmannen.

For mannen som fekk ideen til Grodås Cup og har vore leiar i samtlege år, er dette søt musikk.

Med hall og kunstgras får vi heilt andre fascilitetar til å ta imot laga, understrekar Steinar Bakka.

Betyr det at Grodås Cup vil halde fram med å vekse?

Vi kan nok ta imot fleire lag, men problemet er overnattingskapasiteten i bygda. Grodås Cup sin store styrke er at alt føregår innanfor eit lite område. Mange av dei positive tilbakemeldingane går på at det er veldig avstressande å vere på cupen i Honndalen. Likeeins at spelarane får vere med på mykje anna enn fotball. Slik skal det også vere i framtida, lovar Steinar Bakka.