Ny maratonsiger til Hafsås

Sport

Helge Hafsås, Olden IL, tok sin 146. maratonsiger då han vann Ålesund maraton laurdag.

Førehandsfavoritten vann maratonen med god margin på tida 2.53.52. Oldaren har sprunge fortare tidlegare, men slit med ei kneskade. Likevel vann han suverent føre Bjørn Fretland som fekk tida 3.02.50.

Løpet gjekk i varierande vertilhøve og motvind. 94 deltakarar sprang Ålesund maraton, skriv nettstaden til kondis.