Hafsås vann Nordvest Maraton

Sport

Helge Hafsås vann laurdag sin 149. maratonsiger då han gjekk til topps i Nordvest Maraton på Hareid. Tida 2,40,07 vitnar om at oldaren er i ferd med å finne tilbake til godformen. Løypa på Hareidlandet blir ikkje vurdert som lett, men verforholda var optimale laurdag med 17 varmegrader, overskya og litt regn.