Styrer VIF-skuta

Eli Flo og Stein Erlend Hoff er næraste naboar i kontorfellesskapet i Vallhall. (Foto: Odd Inge Rand) 

Sport

Stein Erlend Hoff frå Innvik er sportsleg administrativ leiar i  «Oslos fotballstolthet» Vålerenga. Fram til for fire år sidan hadde Hoff same stilling for rivalen Lyn.  I mellomtida har 45-åringen vore talentspeidar samstundes som han har vore med å utvikla software til applikasjonsløysingar på mobiltelefonar og lesebrett innanfor fotballsegmentet. Hoff kom til jobben i Vålerenga 1. oktober.

Med seg i organisasjonen i Vålerenga, har han Eli Flo frå Flo. Tidlegare har ho jobba med rekneskap i 22 år i Norges Fotballforbund.