Suverent NM-gull til Anders Fannemel

Anders Fannemel i svevet mot NM-gull på Rena. (Foto: Svein Halvor Moe) 

Sport

Anders Fannemel slo til for fullt og tok NM-gull i suveren stil i storbakken på Rena. Med hopp på 136,5 og 132 meter vann honndølen heile 19 poeng føre Rune Velta og med Anders Jacobsen på tredjeplass. Norgesmeisteren leia også etter første omgang. Med gull i storbakken og sølv i normalbakken vart Anders Fannemel NM-kongen på Rena.

Dei tre beste i storbakken:

Anders Fannemel 270,9 poeng

Rune Velta 251,9 poeng

Anders Jacobsen 249,7 poeng