Nytt gull til Ivar Ulvedal

Ivar Ulvedal vann måndag ein ny gullmedalje i World Olympic Games i Sør-Korea. (Foto: Privat) 

Sport

Ivar Ulvedal vann måndag sitt andre gull i Special Olympics World Games i Sør-Korea. Denne gongen vann han 10 km langrenn på tida 46,32. Laurdag gjekk han inn til gull på 5 kilometer. For fire år sidan fekk han sølv på 10 km under leikane i Idaho, USA.