Ivar avslutta med bronse på stafetten

Det norske laget gleda seg over bronse på stafetten. Frå venstre: Ivar Ulvedal, Henrik Gjertsen Kjelgård, Holmar Tomasson og Anders Ørbech. (Foto: Privat) 

Sport

Ivar Ulvedal har hatt 14 fantastiske dagar under Special Olympics World Games i Sør-Korea. Han har vunne to individuelle gullmedaljar på 5 og 10 km, og han har fått bronse på stafetten for det norske laget. Tysdag kveld koreansk tid var det avslutningsseremoni, og Ulvedal kjem heim til Stryn torsdag. Også foreldra, Anne Stubdal og Erik Ivar Ulvedal har vore i Sør-Korea og fylgd leikane frå sidelinja.