Vann Holmøyskarrennet i suveren stil

Roger Lillestøl vann det 47. Holmøyskarrennet. (Foto: Harald Vartdal) 

Sport

Roger Lillestøl vann det 47. Holmøyskarrennet. Han var knappe fem minutt raskare enn andremann Helge Kvam Skarbø. På tredjeplass fylgde Sigbjørn Fænn. Karoline Holsen Kyte vann dameklassen.

Veten IL og Hardbagg IL fekk mykje skryt for den nye løypetraséen med start og innkomst på Nordfjord Fritidstidsenter. I alt 628 skiløparar fullførte Holmøyskarrennet 2013, av desse gjekk 57 på tid.